Gorm Kallestad / NTB

Personvernerklæring

Behandling av personopplysningar i Nynorsk Pressekontor (NPK) og Norges Telegrambyrå (NTB).

Viss du bruker nettsidene våre eller på andre måtar er i kontakt med oss og, til dømes ved å få nyheitsbrevet vårt eller bestille bilete/tenester, vil vi Nynorsk Pressekontor (NPK) og Norsk Telgrambyrå behandle personopplysningar om deg. NPK og NTB-selskapa har som mål å behandle personopplysningar med respekt og varsemd. All informasjon som blir lagra elektronisk hjå oss, skal ikkje utleverast til andre partar. Alle kan kontakte NPK og NTB-selskapa for innsyn i kva informasjon som er lagra i samsvar med rettar etter personopplysningslova. Nedanfor finnar du difor meir informasjon om personopplysningane vi samlar inn, kvifor vi gjer det, og kva rettar du har knytt til behandlinga av personopplysningane.

Behandlingsansvarleg for personopplysningane vi behandlar, er

Nynorsk Pressekontor : Jan Inge Fardal dagleg leiar/redaktør

Norsk Telegrambyrå AS (org.nr. 914797497): Mads Yngve Storvik, administrerande direktør / sjefredaktør

Viss du har spørsmål om behandlinga til NPK / NTB-selskapa av personopplysningane dine, kan du kontakte oss på

  • forretningsadresse: Langkaia 1, 0150 Oslo
  • postadresse: Postboks 6817 St. Olavs plass, 0130 Oslo
  • e-post: kundesenter@ntb.no
  • telefon: 22 00 32 00/

1. Kvifor samlar vi inn personopplysningar, og kva slags informasjon samlar vi inn?

Vi samlar inn og bruker personopplysningane dine til ulike formål avhengig av kven du er, og korleis vi kjem i kontakt med deg. Viss du bruker nettsidene våre og/eller kjøper bilete eller tenester frå oss, behandlar vi opplysningane som du gir oss.

Som kunde
Viss du er kunde av oss, kan behandlinga vår av personopplysningane dine oppsummerast slik vi gjer nedanfor, avhengig av kva slags kundeforhold vi har til deg.

For å oppfylle avtaleforhold, inkl. administrasjon
I samband med dette lagrar vi personalia og følgjande kontaktinformasjon: namn, adresse, stilling og arbeidsstilling etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

For å levere jubilantomtaler og -listar iht. avtale med aviser og jubilant
I samband med dette lagrar vi informasjon om jubilantar: namn, stilling, fødselsdato, inntekt/formue/skatt og bilete etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a og b.

Svare på førespurnader som kjem inn til oss
I samband med dette lagrar vi namn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelle personopplysningar som måtte følgje av førespurnaden, etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a og f.

Marknadsføring via nyheitsbrev
I samband med dette lagrar vi namn, e-postadresse, stillingstittel, arbeidsstad og eventuelle produkt du ønskjer informasjon om. For eksisterande kundar skjer behandlinga etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Utanfor eksisterande kundeforhold skjer det etter marknadsføringslova § 15 og personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a.

Annonsestyring gjennom cookies
Vi bruker cookies frå tredjepartar for å gi deg meir relevante annonsar i tredjepartskanaler. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr.1 f); den berettiga interessa vår i å marknadsføre tenestene våre til potensielle kundar. Les meir om dette i punkt 2.

Drift av tenester for sportsresultat
I samband med dette lagrar vi typisk opplysningar som informasjon om spelarar, prestasjonar, nasjonalitet, fødselsdato, klubbtilhørighet, bilete og vitale mål, etter personopplysningslova § 3.

2. Informasjonskapslar (cookies) og bruk av Google Analytics

For å få informasjon om bruk av nettsidene våre nyttar vi informasjonskapslar (cookies).

Informasjonskapslar kan vere nyttig for både eigaren og brukaren av ei nettside. Eigaren av nettsida kan tilpasse tenesta ut frå informasjonen som blir lagra. Brukaren opplever nettsida som meir brukarvennleg og tilpassa. Vi tek vare på personvernet ditt ved at vi bruker opplysningane berre til statistikk, og det er ikkje mogleg å identifisere deg som enkeltperson.

NTB bruker Google Analytics til å analysere bruken av nettstaden vår. Google Analytics blir levert av Google Inc. og gir oss rapportar over statistikk som vi bruker til å analysere og forbetre nettstaden gjennom slike cookies. Cookiene til Google Analytics gir oss informasjon om mellom anna kva nettlesar du brukte, korleis du kom til nettsidene våre, og korleis du brukte nettstaden (kva sider du besøkte, kor lenge du besøkte nettstaden, osb.).

Dei fleste nettlesarar, som til dømes Opera, Internet Explorer, Firefox og Safari, aksepterer cookies automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies, må du derfor sjølv velje å endre innstillingane i nettlesaren din slik at cookies ikkje blir akseptert.

I tillegg tilrår vi at du ser på Google Analytics' eigne bortvalgsalternativer.

Kva er cookies?
Ein informasjonskapsel, ofte kalla cookie, er ei lita tekstfil som blir lasta ned og lagra på datamaskina til brukaren når brukaren opnar ei nettside. Informasjonskapselen blir til dømes brukt til å lagre innloggingsdetaljar, hugse handlekorga i nettbutikken eller registrere der brukaren går rundt på nettstaden.

Informasjonskapslar kan vere nyttig for både eigaren og brukaren av ei nettside. Eigaren av nettsida kan tilpasse tenesta ut frå informasjonen som blir lagra. For brukaren kan nettsida opplevast som meir brukarvennleg og tilpassa.

Tredjepartsinformasjonskapsler og annonsestyring
Vi bruker cookies (informasjonskapslar) utskrivne av tredjepart for å gi deg meir relevante annonsar og tilbod i andre kanalar enn på ntb.no. Verktøya vi bruker til dette er Facebook, LinkedIn og Google. Desse verktøya blir brukte for å vise annonsane våre på eksterne nettsider (som til dømes på Facebook), til publikum som allereie har vist interesse for tenestene våre (ved t.d. å ha besøkt nettsida vår). Opplysningane vi får frå tredjepartsleverandøren er berre i aggregert form og blir brukte for å halde reie på kva annonsar som blir viste, telje talet på visningar, klikk osb. Vi kan bruke informasjon som vi har om deg, for å vise deg relevant annonsering frå oss på nettstadene til tredjepart (til dømes Facebook, Google, og LinkedIn).

For nærare informasjon om desse verktøya blir viste til personvernerklæringane frå Facebook, LinkedIn og Google:

Facebook: https://www.facebook.com/policies/cookies/

LinkedIn: https://www.linkedin.com/legal/privacy-policy

Google: https://policies.google.com/privacy?hl=no

Viss du ikkje vil bli vist målretta reklame frå NTB-selskapa, kan nokre tredjepartsnettsteder gi deg moglegheit til å velje å ikkje få meir informasjon frå bestemde annonsørar. Korleis du melder deg av målretta annonsering hos ulike tredjepartsleverandører er beskrive her:

Avmelding frå Facebook: https://www.facebook.com/ads/preferences/?entry_product=ad_settings_screen

Avmelding frå Google: https://support.google.com/ads/answer/2662922?hl=no

Avmelding frå LinkedIn: https://www.linkedin.com/help/linkedin/answer/65455/administrere-annonsepreferanser?lang=no

Lovregulering – ekomloven

§ 2-7b Bruk av informasjonskapslar/cookies

Lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyret til brukaren, eller å skaffe seg tilgjenge til slike, er ikkje tillate utan at brukaren er informert om kva opplysningar som blir behandla, formålet med behandlinga, kven som behandlar opplysningane, og har samtykke til dette. Første punkt er ikkje til hinder for teknisk lagring av eller tilgjenge til opplysningar:

• utelukkande for det formålet å overføre kommunikasjon i eit elektronisk kommunikasjonsnett

• som er nødvendig for å levere ei informasjonssamfunnsteneste etter den uttrykkjelege førespurnaden til brukaren

Oversikt over cookies:
Dette er ei oversikt over informasjonskapslar som blir brukt på www.ntb.no, og tredjepartsløysingar som er kopla opp mot nettsida vår.

Informasjonskapslar – ein mellombels informasjonskapsel. Informasjonskapselen blir brukt til å kjenne igjen ein besøkande på nettsida.

Namn: ASP.NET_SessionID
Lagring av data: Informasjonskapslane er berre aktive for den gjeldande økta, og blir sletta når nettlesaren blir lukka.

Google Analytics

Namn: __utmv
Lagring av data: blir sletta automatisk etter to år
Denne informasjonskapselen sporar kva besøkskategoriar ein vitjar tilhøyrer, og måler trafikk på www.ntb.no gjennom Google Analytics.

Namn: __utma
Lagring av data: blir sletta automatisk etter to år
Denne informasjonskapselen frå Google blir brukt til trafikkmåling på www.ntb.no. Denne cookien sporar talet på besøk, tidspunkt for første besøk, tidlegare besøk og det aktuelle besøket.

Namn: __utmb
Levetid: blir sletta automatisk når nettlesaren blir lukka
Denne informasjonskapselen blir brukt til å spore kor lang tid den besøkande oppheld seg på www.ntb.no.

Namn: __utmz
Lagring av data: blir sletta automatisk etter seks månader
Denne måler trafikk på www.ntb.no og sporar der den besøkande kjem frå, ut frå kva søkemotor ein bruker, namn på søkeord, og kva koplingar ein klikkar på.

Namn: __utmt
Lagring av data: blir sletta etter ti minutt
Denne blir brukt til å redusere førespurnadsfrekvensen.

Namn: __utmc
Levetid: blir sletta automatisk når nettlesaren blir lukka
Denne blir ikkje brukt i (JavaScript Tracking Code)gav.js. Den blir for oppretta interoperabilitet med urchin.js tracking code. Interoperabilitet betyr to eller evna fleire system har til å utveksle informasjon og nyttiggjere seg informasjon som er utveksla.

eMarketeer

1. Webmonitor: Denne opprettar cookies når ein klikkar på ei lenkje via eMarketeers e-post til ei nettside. Det blir gjort for å spore trafikk til nettsida.

2. Skjema: Cookies forhindrar at eit anonymt skjema blir svart på fleire gonger.

Episerver – publiseringsverktøy

Namn: __epiXSRF
Denne typen cookies blir berre brukt ved innlogging på www.ntb.no.

Namn: EPiServerLogin
Denne typen cookies blir berre brukt ved innlogging på www.ntb.no.

Namn: ASPXROLES
Denne typen cookies blir berre brukt ved innlogging på www.ntb.no.

Kontrollen din over bruken vår av cookies

Du kan avgrense bruken av cookies eller slette desse via nettlesaren din. Dette kan likevel påverke stabiliteten til nettsida og brukervennlighet.

For brukarar av Google Chrome, følg denne rettleiaren:
https://support.google.com/chrome/answer/95647?co=GENIE.Plattform3\\DDesktop&hl=no

For brukarar av Internet Explorer, følg denne rettleiaren:
https://support.microsoft.com/nb-no/help/17442/windows-internet-explorer-delete-manage-cookies

For brukarar av Microsoft Egde, følg denne rettleiaren:
https://support.microsoft.com/en-us/help/4027947/microsoft-edge-delete-cookies

For brukarar av Safari, følg denne rettleiaren:
https://support.apple.com/en-gb/guide/safari/sfri11471/mac

For brukarar av Firefox, følg denne rettleiaren:
https://support.mozilla.org/en-us/kb/enable-and-disable-cookies-website-preferences

3. Utlevering av personopplysningar til andre

Vi gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det finst eit lovleg grunnlag for slik utlevering. Døme på slikt grunnlag vil typisk vere ein avtale med deg eller eit lovgrunnlag som pålegg oss å gi ut informasjonen.

NTB bruker databehandlarar til å samle inn, lagre eller på annan måte behandle personopplysningar på våre vegner. I slike tilfelle har vi inngått avtalar for å ta vare på informasjonstryggleiken i alle ledd av behandlinga. Vi nyttar oss av følgjande databehandlarar per i dag:

Nyheitsbrev: Emarketeer, Kista Science Tower, 164 51 Kista, Sverige

Nettsider: Episerver Norway, Karenslyst allé 2, 0278 Oslo, Noreg

Brukardatabase: Evry ASA, Snarøyveien 30A, 1360 Fornebu, Noreg

Kunderegister og oppfølging: Microsoft Noreg AS, Lysaker Torg 45, 1366 Lysaker, Noreg

Kundesenter chat: Zendesk, 1019 Market St, San Francisco, CA 94103 (data blir lagra i EU)

Fakturautsendelse: Visma Software AS, Karenslyst allé 56, 0277 Oslo, Noreg

All behandling av personopplysningar som vi gjer, skjer innanfor EU/EØS-området.

4. Lagringstid

Vi lagrar personopplysningane dine hos oss så lenge det er nødvendig for det formålet personopplysningane vart samla inn for.

Det betyr til dømes at vi slettar personopplysningar som vi behandlar på grunnlag av samtykket ditt, viss du trekkjer samtykket ditt. Personopplysningar vi behandlar for å oppfylle ein avtale med deg, blir sletta inntil tre år etter at avtalen er oppfylt og alle pliktar som følgjer av avtaleforholdet, er oppfylt.

5. Rettane dine når vi behandlar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn i og retting eller sletting av personopplysningane vi behandlar om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, rette innvending mot behandlinga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane på Datatilsynets nettside: www.datatilsynet.no.

For å ta i bruk rettane dine må du kontakte kundesenteret vårt. Vi svarer på førespurnaden din til oss så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.

Vi vil be deg om å stadfeste identiteten din eller å oppgi ytterlegare informasjon før vi lèt deg ta i bruk rettane dine overfor oss. Dette gjer vi for å vere sikre på at vi berre gir tilgang til personopplysningane dine til deg, og ikkje til nokon som gir seg ut for å vere deg.

Du kan til kvar tid trekkje tilbake samtykket ditt for behandling av personopplysningar hos oss. Den enklaste måten å gjere det på er å kontakte kundesenteret vårt.

6. Klager

Dersom du meiner at behandlinga vår av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har beskrive her, eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgivningen, håpar vi du tek kontakt med oss. Du har likevel òg rett til å klage til Datatilsynet.

Du finn informasjon om korleis du kontaktar Datatilsynet, på Datatilsynets nettsider: www.datatilsynet.no.

7. Endringar

Viss det skulle skje endringar i tenestene våre eller i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det medføre forandring i informasjonen du har fått her. Viss vi har kontaktopplysningane dine, vil vi gjere deg merksam på desse forandringane. Elles finn du alltid oppdatert informasjon lett tilgjengeleg på nettsida vår.

våre tenester

NPK spreier allsidig stoff til avisene på nynorsk. Les meir om tenestene: